19. oktober 2012
Sundstad kan seiast og vere litt vingeklippa for tida, men gjer det noko? Haldninga til kjeksbaking her på bruket er, heldigvis, at me lagar kjeksdeig, et han, og lagar kjeks av det som er att. Og så ser me film.


Og så er det tid for kjeks!


Det viser seg at det finst andre som konsumerer vatn i nokonlunde same kvanta som underteikna. Så store at dei tykkjer det er meir hensiktsmessig å drikke rett frå muggar eller kasserollar, mest fordi vedkommande tykkjer det å fylle vatn i glaset er ganske slitsamt. Han andre er berre Adis som et kjeks.
19. oktober 2012
(Dette innlegget er dedikert dykk, mor og far. PS! Takk på førehand for kalkunlatoren!)

Etter å ha ete ein god banding av snop og kantinemat i to månedar byrjar eg å bli litt lei. I dag har eg ete pannekaker med syltetøy og sjokolande til samtlege tre måltid, som er gøtt, dog litt i søtaste laget. No har eg kjøpt meg mitt første grovbrød, og eg har planlagt å ete heile greia rå, usmørt og usminka før eg legg meg. Og eg ser fram til det!
I tillegg har eg byrja og trene (utover sjongleringa mi). Så dette med kosthald og slikt går rett så bra, og eg tykkjer laurdagsgodt når butikkane opnar er vel fortent.
20. oktober 2012
Du verda kor fort tida går! Om tre veker, den 16. november 19-21 på Sagene Samfunnshus i Oslo, er det informasjonsmøte for potensielle søkjarar til UWC neste år. Så, om du går på VG1 og bur i Oslo, kom, kom, kom.
Om du lurer på noko som helst (bokstavleg talt alt mogleg), og ikkje bur i Oslo, ikkje føler for å vente tre veker, eller berre føler for å spørje meg i staden, kan du alltid klikke på Still spørsmål eller slå av ein prat, på venstresida her, så svarer eg på det meste!
22. oktober 2012

Klokare hovud enn meg (kan det sensast sarkasme her?) har funne ut at det er ein god idè å sende oss på skulen i tre dagar mellom Project Week og Baj ram, samt å finne opp alskens merkelege tidsfristar og anna tull som eigentleg ikkje eksisterer (eller burde eksistert). Dagens problem er vår kjære psykologilærar, som har tenkt ut at i dag var ein god dag å finne på at me skal ha prøve i morgon, samt å hive på eit kapittel me aldi har sett før. Og ein labrapport om eit fysikkforsøk gjennomført for det som føles som mange herrens år sidan skal leverast. Og … meir enn nok anna.
Så yesterday afternoon vart tilbragt på rommet med Mr Bosch, min tyske ven, meg sjølv, to psykologibøk og eit tørt, gammalt brød. Ein tullar ikkje med IB-livet…
23. oktober 2012

Sjur med skjegg. Verken meir eller mindre.
Ljubitsa, ein av lærarane, og MoPS sette opp vår første (av mange) konkurransar! Denne gongen handla det om kven som kunne gro det prektigaste skjegget i løpet av ein fjorten dagars tid.
Eg kan ikkje skyte på meg omfattande kompetanse på området, så sjølv gjekk eg for kvantitet over kvalitet. Og det har vorte særeigent godt motteke av overraskande mange (Espen er notert som unntaket som bekreftar reglelen)! Og sjølv ser eg defintivt positive sider med litt skjeggvekst! (Eg har m.a. høyrt at eg har gått frå å likne på Sheldon Cooper til Sid).
Og, det viser seg at konkurranse-meg fekk ein god start. Eg enda nemleg med delt førsteplass i skjeggkonkurransen!