Ein skulle ikkje tru det var Oktober

I dag innsåg eg at det er 10. oktober. Det betyr at det plutseleg har gått over seks veker sidan eg kom (som eg ikkje anar kor har forsvunne). Vi er halvvegs til Winter break (det føles berre rart). I Noreg er det vått og kaldt.
For det er det altså ikkje her. Temperaturen synk rett nok stadig nedover mot 20 grader, og det vert mørkare om kveldane. Men utanom det ser me lite til vinteren. The sun always shines in Mostar. Og det er ikkje tull ein gong.
