Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Russeknutar

Dette er norsk russ. Public domain.

Kulturveka vart presentert med brask og bram av ingen mindre enn jolenissen sjølv på førre samling. For å setje krona på verket, klinte me til med ein ekstra utfordring:

Ein kvar nordmann vil fortelje deg at norsk ungdom ikkje fullfører tretten år med skulegang utelukkande grunna det akademiske. Minst like viktig er “russetida”, den siste månaden før graduation, der dei får ha på seg ein rar hatt, teite bukser, og gjere slik [ein del forstyrrande bilete]. UWC-livet er som kjent meir intenst enn samfunnet generelt, så i staden for fem veker, utfordrar me dykk til å ta alle knutane på fem dagar!

I namn åt meiroffentlegheita: her er alle saman. Så til alle som klagar over at dei går glipp av russetida når dei reiser på UWC: fjas. Her er du russ akkurrat når du vil.

Elena, Rhea og Mirza i god gong med leiking i parken. Og sjå, to av dei går i band på same tid!

Oppdatering: Det er fredag, og kokurransen er over. Vinnaren hadde 34 knutar!